Sinnetshelse.no
- lettleste intervjuer med spesialister

 


Vekst gjennom kriser

Psykiater Hans Olav Tungesvik intervjua av Gudrun Vinsrygg

Hans Olav Tungesvik likar ikkje ordet utbrend, han snakkar heller om å bli utlada eller nedtappa – omgrep han meiner gjer det lettare å skjøne kva som skal til for å komme ovanpå igjen. I sin artikkel i boka ”Utbrent. Krevende jobber – gode liv?” (Fagbokforlaget 2002) tek han opp moglegheitene kriser skaper, viser kva som skal til for å meistre dei, og korleis ein kan vekse gjennom dei.

- Psykisk slitasje er eit aktuelt problemområde i samfunnet, og for dei fleste akselererer tempoet både i arbeidsliv og fritid, seier psykiater Hans Olav Tungesvik, grunnleggar og dagleg leiar av Frihamn psykiatriske senter i Skånevik i Sunnhordland. Han er og kjent for sitt politiske engasjement, og var i to periodar stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti.

Hans Olav Tungesvik meiner stadig fleire får vanskar når dei prøver å henge med i krava til effektivitet og innsats. Når fleire og fleire ser ut til å oppleve kriser i samliv og medmenneskelege forhold, er det ikkje å undrast på at talet på slitne menneske stig heile tida. Han vil ikkje nytte uttrykket utbrend. Han meiner det gir feil signal om kva dette handlar om. I staden snakkar han om at folk blir nedslitne – utan å vere ferdige med livet og den aktive innsatsen. Det dei treng er ein pause med tid og rom for å byggje seg opp att og samle krefter til ny innsats.

- Å bli utladd eller nedtappa, illustrerer betre den tilstanden dette dreier seg om, seier han. - Eit batteri blir utladd og fungerer ikkje lenger – men det kan ladast opp att og blir då som før. Eit basseng kan tappast ned, og då kan ein tetta avlaupet og hindra ytterlegare nedtapping, og ein kan fylla det oppatt. Det er viktig å understreka at det ikkje er nokon grunn til å gjera slitasje til ei psykiatrisk liding eller sjukdom, i alle høve ikkje i første omgang. Det er i realiteten ein heilt normal – og for så vidt sunn – reaksjon på ulike former for overbelastning. Hadde ikkje varselsignala kome, kunne den som vart ramma, ha blitt endå meir nedbroten.

Summen av belastning

Det er summen av belastning som løyser ut ei krise. For somme skal det lite til, for andre mykje – men alle har vi ei grense for kor mykje vi tåler. Lærdomen er at ein etter ei krise må ta omsyn til dei sårbare felta sine, slik at ein ikkje ”går i baret” på nytt. Oftast er det belastning i arbeid og yrkesliv som har utløyst krisa, ikkje sjeldan kombinert med vanskar i familie- og kjærleiksliv.

- Når det gjeld jobben, er det sjeldan arbeidet åleine som er årsaka, men oftast arbeid i kombinasjon med konfliktstoff av eitt eller anna slag, seier Hans Olav Tungesvik. - Læraren min i psykosomatisk medisin på Rikshospitalet i 1960-åra, spesiallege Finn Askevold, sa det slik: ”Ingen blir utsliten av arbeid åleine. Der er alltid psykologiske tilleggsfaktorar”. Han hadde utvilsamt rett. Mange slit og med problematiske mellommenneskelege forhold som dei ikkje ser løysingar på; ein voldeleg eller drikkfeldig ektefelle, born som ikkje skikkar seg vel, vanskelege svigerforeldre, kranglete grannar eller andre som gjer livet surt.

Slik ladar du batteria att

- Når ein er ”utlada”, korleis kan ei då lada batteria att?

- For ein som er nedsliten i yrkes- eller omsorgarbeid, må dei aktivitetane som har tappa kreftene, stoggast. Det kan innebera sjukemelding, fritak frå spesielt krevjande oppgåver, stenging av telefon (inklusive mobiltelefon) og omplassering av ansvar.

I dei fleste tilfella må det gjerast endringar i arbeidssituasjonen, enten reduksjon av dei samla krava som blir stilte, eller interpersonelle endringar og tilpassingar. Er det open konflikt, må tiltak setjast i verk for å løysa denne. Dette kan oftast den som er nedkøyrd ikkje gjere noko med åleine. Arbeidsgjevar og overordna må inn i bildet.

Sjukemelding er ofte nødvendig, men ho bør ikkje vera langvarig. Ein viss kontakt med arbeidsplassen for den som skal tilbake, er vesentleg. Blir det for langt fråvær, kan terskelen bli for høg med tanke på å koma i gang att. Ordninga med aktiv sjukmelding er eit framifrå tiltak. Arbeidstakaren kan då få sjukemelding og fulle sjukepengar, samstundes som han eller ho er til stades på arbeidsplassen i det omfang der er lyst og krefter. Då har arbeidstakaren høve til å halda kontakt med arbeidsplassen, men utan krav til forpliktande innsats. Elles er det viktig med kvile og godt matstell, omgang med familie og gode vener, fysisk aktivitet i passande dosar – i det heile tiltak som er lystvekkjande, og som kan gjere det mogleg å byggje krefter og ressursar på nytt. Er det mellommenneskelige vanskar som skaper problem, kan ein søkja råd hjå gode vener, på eit familierådgivingskontor eller hjå psykolog eller psykiater. Det finst alltid noko ein kan gjera for å få det betre, og moglegheitene er ofte lettare å sjå for ein som står utanfor, enn for den som står midt oppe i problema.

- Treng ein sovemidlar om ein får vanskar med søvnen?

- For ein kortare periode kan det vera tilrådeleg. Å kvile i senga om dagen, er derimot ikkje bra. Ulike menneske vil ha behov for ulike tiltak som kan auka ”tilførselen til bassenget”. Ein må gjere meir av dei tinga ein hadde glede av å bruka tida til før ein vart nedtappa. Det ein har negative kjensler for, må ein så langt mogeleg unngå.

Gruppeterapi

- Gjennom heile kriseperioden er det viktig for den som strevar å ha nokon å snakke tillitsfullt med, presiserer Hans Olav Tungesvik. – Det kan vera primærlegen eller ein sjukepleiar, ein prest eller ein nær ven. I ein del tilfelle kan det vera nyttig å søkja hjelp hos psykiater eller psykolog. Skulle tilstanden over tid utvikla seg til depresjon, vil dei sistnemnde kanskje tilrå bruk av antidepressive medikament i tillegg til samtalar.

- Korleis ser du på medikamentbruk i slike høve?

- I beste fall kan antidepressiva framskunda betringa og føra til at det lettar og lysnar raskare. Oppfylgjande samtalar og gruppeterapi er likevel meir nyttig og effektivt. Ved senteret vårt har me sers gode erfaringar med gruppeterapi der det er fleire i same båt som deler tankar og kjensler, erfaringar og refleksjonar.

Djupare innsikt

- Utlading og nedtapping er både ei krise og ei moglegheit til ny sjølvinnsikt og fornying, og ei rekkje utsegner frå menneske som har gjennomgått slike kriser, stadfester at verdfulle erfaringar kan vinnast i denne prosessen.

- Men er ikkje ”vekst gjennom liding” ei myte? Ein har vel ikkje godt av å ha det vondt?

- Me må ikkje idyllisera eller romantisera dette problemet. Mange som har vore gjennom svære livskriser, strevar med langtidsverknader i mange år etterpå, somme for resten av livet. Men mange har fått nyttige tankar om kva som kunne vore gjort for å førebyggja uttapping, og om verknadane.

Hans Olav Tungesvik summerar dei positive erfaringane han har vore vitne til hjå sine pasientar:

  • Auka sjølvinnsikt.
  • Auka sjølvtillit.
  • Ny kunnskap om å setja grenser og ta vare på seg sjølv.
  • Sans for det viktige i å ta eigne behov på alvor.
  • Å kunna seia nei utan dårleg samvit.
  • Å bli bevisst på å ta styringa i eige liv.
  • Større forståing for andre som strevar.
  • Meir audmjuk haldning overfor menneskeleg smerte.
  • Meir mot og tryggleik til å seia frå.
  • Større evne til å setja pris på helsa og livet.
  • Hjelp til å vera open og sjå verdien av openskap omkring psykiske vanskar.
  • Med det vonde som bakteppe kan ein setja meir pris på det å kjenna glede.
  • Å bli tryggare på eigne vurderingar og standpunkt.
  • Å sjå verdien i å kjenna på veikskap, og at veikskap og styrke er fyljesveinar.


Oppdatert: 2007

 


Dette nettstedet består av 2 deler:

  • Sinnets helse-intervjuer: Denne delen består av intervjuer med psykiatere og psykologer. Målet er å medvirke til at færre blir psykisk syke, færre føler seg stigmatisert, flere rammede søker hjelp tidligere, flere får en god mestringsevne, flere rammede og pårørende deltar på en god måte i rehabiliteringsfasen.
  • «Helsenytt for alle»-arkivet - består av intervjuer med leger som er spesialister på fysiske sykdommer. Hva kan forårsake sykdommen, hvordan forebygge, når søke lege?

OBS! Utviklingen innen helsefag går raskt. Derfor kan noe av informasjonen på Internett – også på dette nettstedet - være foreldet. Internett bør ikke være eneste kilde når det dreier seg om helseproblemer av mer alvorlig art. Skaff deg informasjon fra fastlegen din også.



Tips en venn!.....
 

Kjenner du noen som kan ha nytte av dette? Hjelp oss å spre gode helseråd. Del artikkelen/intervjuet med andre:

   Send på e-post     Del på Facebook